Feiing

Arbeidet til feiaren:
  • tradisjonell feiing av piper og kontroll av fyringsanlegg
  • tilsyn i bustadar
  • feiing og tilsyn i hyttar, setrar og fritidsbustader.






I Lom og Skjåk er det innført behovsprøvd feiing (innført i 2006). Dette betyr at all feiing og tilsyn nå blir utført etter risikovurdering av kvart fyringsanlegg.
I 2017 vart det innført feiing og tilsyn på hyttar, setrar og fritidsbustader.

 

Piper og eldstadar skal feiast etter behov (§ 17). Ved behov for ekstra feiing, skal feiaren kontaktast.
Husk før feiing:
  • Steng feielukar og spjeld
  • Klargjer stige til tak
  • Kontroller taktrinn/ takstige

Varsel om feiing og tilsyn
Eigar vert varsla med melding. Dersom tidspunkt ikkje passer, kontakt feiar, og avtalt ny tid.



Endring eller ny skorstein
Endring eller ny utføring av pipe/ røykeløp er søknadspliktig tiltak etter plan- og bygningsloven.




Eldstad
Det som er viktig å merka seg er at etter forskrift om brannforebygging  § 17 føreligg det ein meldeplikt til feiarvesenet ved installering av eldstad. Feiarvesenet er tilsynsmyndigheit for skorstein og eldstader.

Meldeskjema

Kontakt
Feiar: Bjørn Sverre Tengesdal Tlf. 9598 9942


Lovgrunnlag
Feiar er skolert for det praktiske arbeidet og for tilsyn etter  ”forskrift om brannforebygging”

Feieavgifta
Feieavgifta blir vedteke av kommunestyret i den respektive kommune.
”lokal forskrift for feiing Lom og Skjåk”

Det er den enkelte kommune som krev inn feieavgifta.

Ein bustadeigar kan krevje fritak for avgift dersom eldstaden er fråkopla og røykinnføringsholet er attmura. Eldstaden kan plomberast av feiaren



Tilsyn i bustader

Tilsyn med fyringsanlegg er ein kontroll av om anlegget er intakt, virkar som føresett og er tilfredstillande sikra mot brann eller annan skade. I tillegg blir det utført kontroll av røykvarslare, sløkkemidlar og anna som er av betydning for branntryggleiken.
Med fyringsanlegg meinar vi varmeproduserende enheit (for eksempel omn eller fyrkjel) saman med røykkanal (røykrøyr og skorsteinar) og eventuelt matesystem for brensel.

At fyringsanlegg er intakt betyr at det er utan skadar og utført i henhold til gjeldande regelverk. At det virkar som føresett betyr at det skjer en god forbrenning, at energien utnyttes effektivt og at røyken ledes ut av huset på en tilfredstillande måte.


Tilsyn med fyringsanlegg skal utføres etter behov. Undersøkelser viser at dei fleste brannar som oppstår i forbindelse med fyringsanlegg skuldast feil bruk eller skadar og feilmonteringer. Difor ynskjer ein å rette ein større del av feietjenestas ressurser mot tilsyn med fyringsanlegg. Tilsyn skal foretas etter behov, me minst kvart femte år.

I tillegg til kontroll av fyringsanlegget skal tilsynet omfatte informasjons- og motivasjonstiltak. Tilsynet er ein god anledning til å snakke med feieran om fyring og brannvern i bustaden.